Uummannaq
From Wikipedia, the free encyclopedia
Uummannaq (tidlegare stava Umanak), er ein by i Vest-Grønland i Avannaata kommune (frå 2009-17 i Qaasuitsup kommune) på ei 12 km² stor øy. Han ligg i fjorden med same namn, 460 km nordafor polarsirkelen.[2] Posisjonen hans er 70° 40'N 52° 08' W. Uummannaq har 1281 innbyggjarar, og er den åttande største byen på Grønland.
Uummannaq | |||
by | |||
Land | Grønland | ||
---|---|---|---|
Kommune | Avannaata kommune | ||
Areal | 10,29 km² | ||
Folketal | 1 407 (1. januar 2020)[1] | ||
Uummannaq 70.674722222222°N 52.126388888889°W / 70.674722222222; -52.126388888889 | |||
Wikimedia Commons: Uummannaq | |||
Uummannaq betyr ‘hjarteforma fjell’, og har namn etter det nærliggande fjellet, som er eit kjennemerke for byen. Fleire stader langs kysten av Grønland er det fleire stader med nemnet «Uummannaq». Dette har vore tydelege, naturskapte kjenneteikn som har vore brukte til å skildra vegen for reisande i umiaq og kajakk. Når ein kunne lokalisera desse naturskapte kjenneteikna, blei ein letta og oppliva, sjølv om ein var trøytt etter ein lang dags reise.
Hovudnæringsvegen er fiskeri (særleg av blåkveite). Fisken blir behandla på moderne fabrikkar fleire stader i byen.Det finst 2 daglegvareforretninger med eit velassorteret vareutval, tømmerhandel, møbelforretning, kiosk, grillbar, vertshus og «Brædtet», der fiskarar og fangstfolk sel dagens fangst. Eit passasjerskip kom fram til 2006 til staden ein gong i veka i sommarhalvåret. Det er helikopterplass i byen, som gjev helikoptersamband til dei 7 bygdene i tidlegare Uummannaq kommune og til lufthamna. Uummannaq kufthamn i Qaarsuarsuit ved bygda Qaarsut blei innvigd 29. september 1999.
Eit anna kjennemerke for byen er Uummannaq kyrkje, som blei oppført 1935 av av granitt frå staden. Kyrkja er den einaste større steinkyrkja i bruk på Grønland.
Rundt 10 % av innbyggjarane i byen er danskar. Byen har ein velutbygd folkeskule med bibliotek for alle, andre undervisningsinstitusjonar, sportsfasilitetar og eit sjukehus med 17 sengeplassar. I i den nordaustlege delen av byen er det ved hjelp av sprengingar anlagt ein fotballbane og ein kyrkjegard. To vatn med ferskvatn i nærleiken av byen blir brukt som reserve for vassforsyning. Dei fleste hus har innlagt vatn i form av vassleiing eller vasstank med pumpe til drikke- og forbruksvatn og får påfylt vatn etter behov. Det har derimot ikkje vore økonomisk muleg å etablera eit kloakksystem i byen, så ein nyttar toalett som blir tømt av renovasjonsfirmaet 3 gongar i veka.