Vestfrankarriket
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vestfrankarriket (latin Francia occidentalis, òg kjent som regnum Francorum occidentalium) er den eldste danninga av kongeriket Frankrike og var den vestlege delen av Frankarriket. Riket varte frå kring 840 til 987. Det blei oppretta etter delinga av det karolingiske Frankarriket etter at Ludvig den fromme døydde. Aust-vest-delinga sette seg gradvis, og det oppstod skilde kongedøme.[1]
Vestfrankarriket strekte seg lengre sør enn det moderne Frankrike, men ikkje så langt aust, og omfatta ikkje Lorraine, Alsace, nedre Burgund og Provence. I Bretagne og Catalonia (sistnemnde i all hovudsak ein del av Spania) hadde dei vestfrankiske kongane svært avgrensa innverknad. Dei vestfrankiske kongane blei valde av sekulære og geistlege magnatar, og i det halve hundreåret mellom 888 og 936 blei dei valde vekselvis frå karolingarane og robertierane.[2]