Viggo Brun
From Wikipedia, the free encyclopedia
Viggo Brun (fødd 13. oktober 1885 i Lier, død 15. august 1978 i Drøbak) var ein norsk matematikar. Viggo Brun var professor i matematikk, og arbeidde med talteori, særleg fordelinga til primtala. Han fann att originalmanuskriptet til den såkalla Pariseravhandlinga til Niels Henrik Abel.
Viggo Brun | |||
![]() | |||
Fødd | 13. oktober 1885 Lier | ||
---|---|---|---|
Død | 15. august 1978 Drøbak | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | talteori, matematikk | ||
Yrke | matematikar, matematikkhistorikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Noregs tekniske høgskole | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo Universitetet i Göttingen | ||
Medlem | Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Brun studerte ved Universitetet i Oslo og byrja forskarkarriera si ved Universitetet i Göttingen i 1910. I 1924 vart han professor ved NTH og i 1946 professor ved Universitetet i Oslo. Han pensjonerte seg i 1955.
Brun var først og fremst oppteke av primtalsteori, men òg av kjedebrøk og generaliseringar og kombinatorikk. Han skreiv òg eit par populærvitskaplege bøker om matematikkhistorie.
Brun-konstant og Brun-teorem er kalla opp etter han. Viggo Brun var æresdoktor ved universitetet i Hamburg, og han var medlem av vitenskapsakademia i Helsingfors, Uppsala og Oslo. Det sistnemnde tildelte han Fridtjof Nansen-prisen i 1939. Han var preses i Vitenskapsselskapet i Trondheim 1945–1946, og det tildelte han sin Gunnerus-medalje i 1958. Han var æresmedlem i Norsk Matematisk Forening.