![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/6e/Jordan_location_map.svg/langnn-640px-Jordan_location_map.svg.png&w=640&q=50)
Wadi Mujib
From Wikipedia, the free encyclopedia
Wadi Mujib, historisk kalla Arnon, er ei kløft i Jordan som endar ved Daudehavet, 410 meter under havnivå. Mujib-reservatet i Wadi Mujib ligg i fjellandskapet aust for Daudehavet, kring 90 km sør for Amman. Det dekkjer 220 km² og vart oppretta i 1987 av Royal Society for the Conservation of Nature og er regionalt og internasjonalt viktig, særleg for fuglelivet her.[1] Det strekkjer seg til Kerak- og Madabafjella i nord og sør, og når ei høgd på 900 meter over havet somme stader, ein høgdeskilnad på 1300 meter.[2] Det flyt elvar i dalen året rundt, frå sju sideelvar, som gjer at Wadi Mujib har eit stort biologisk mangfald, som framleis vert utforska og dokumentert i dag.[3] Det finst over 300 planteartar, ti rovdyrartar og mange permanente fuglar og trekkfuglar.[1] Somme av dei fjerntliggande fjella og dalføra er vanskelege å nå, og er derfor tilfluktsområde for kattar, geiter og andre fjellddyr.
Wadi Mujib | |||
verneområde | |||
Wadi Mujib nær Dhiban, mot sørvest | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 31°27′57″N 35°34′24″E | ||
Areal | 212 km² | ||
Grunnlagd | 1987 | ||
Styre | Royal Society for the Conservation of Nature | ||
![]() Wadi Mujib 31.465833°N 35.573333°E / 31.465833; 35.573333 | |||
Wikimedia Commons: Wadi Mujib | |||