Waitangitraktaten
From Wikipedia, the free encyclopedia
Waitangitraktaten (engelsk Treaty of Waitangi, maori Tiriti o Waitangi) er ein traktat (avtale) som først vart underteikna 6. februar 1840 av representantar frå den britiske krona og ulike maorihøvdingar frå den nordlege delen av Nordøya på New Zealand. Traktaten innførte ein britisk guvernør på New Zealand, erkjende eigarskapen māoriane hadde over landet sitt og andre eignelutar, og gav maoriane rettar som britiske borgarar. Traktatversjonane på engelsk og på maori er langt frå i samsvar med kvarandre, så der er inga eigentleg semje om kva partane i 1840 skreiv under på. Frå den britiske synsstaden gav traktaten Storbritannia suverenitet over New Zealand, og guvernøren rett til å styra landet på vegner av den britiske monarken. Maoriane synest å ha hatt andre forståingar av avtalen, mange av desse skil seg sterkt frå dei britiske tolkingane. Etter at traktaten først var underteikna i Waitangi, vart kopiar tekne rundt på New Zealand, og i løpet av dei følgjande månadane underteikna mange andre høvdingar.
Inntil 1970-åra vart traktaten generelt sett bort frå, både av rettsapparatet og Parlamentet, sjølv om han vanlegvis vart skildra i newzealandsk historieskriving som ei generøs og velviljug handling frå krona si side. Sidan seinast på 1860-talet hadde maoriane sett på traktaten med liten velvilje, etter å ha meint å oppleva tap av land og andre rettar, og tilsidesetjande handsaming av styresmaktene. Frå sist på 1960-talet byrja maoriar å merka seg brota på traktaten, og seinare hendingar har lagt vekt på problema med oversetjinga. I 1975 vart Waitangitribunalet etablert som ein permanent granskingskommisjon med oppgåve å granska brot på avtalen ved styresmaktene, og å føreslå åtgjerder for kompensasjon.
I dag er Waitangitraktaten generelt sett på som grunnlagsdokumentet for New Zealand som ein nasjon. Trass dette er han ofte emne for oppheita debatt. Mange maoriar føler at «krona» ikkje heldt sin del av avtalen, og har ført vitneprov om dette i høyringar for Tribunalet, sjølv om det kan vera eit motstt syn frå somme i den ikkje-maoriske leiren som meiner at maoriane legg for mykje vekt på traktaten, og brukar han for å krevja «spesielle privilegium». Staten er ikkje forplikta til å retta seg etter tilrådingane frå Tribunalet, men har ikkje desto mindre i mange saker vedgått å ha brote traktaten og prinsippa i han. Ordninga med erstatning gjennom den statlege ordninga Settlements, har til no gitt utbetalingar på millonar NZD og andre verdiar, så vel som orsakingar.