From Wikipedia, the free encyclopedia
«We wish you a Merry Christmas» er ein tradisjonell engelsk julesong. Han skal stamma frå Sørvest-England og ha røter til 1500-talet.[1] Songen er knytt til den gamle britiske julebukktradisjonen wassailing, og blir framleis brukt av songarar som vitjar hus i juletida og til julekonsertar elles. Han er populær både i Storbritannia og Nord-Amerika.
We wish you a merry Christmas,
Første verset[1] |
Teksten i «We wish you a Merry Christmas» går ut på å ønskja god jul og godt nyttår. Tilhøyrarane blir også oppfordra til å gje songarane mat og drikke – «figgy pudding», ei slags fruktkake, og «a cup of good cheer», 'eit glas godt humør'. Songarane fortel så at dei ikkje vil gå før dei får noko, før dei avsluttar med nye lykkeønskingar.
Som i mange andre wassailsongar er innhaldet hovudsakleg lagt på feiringa av nyttårs- og julehøgtida, og han har lite kristent innhald. Berre refrenget viser indirekte til juleevangeliet ved å nemna «glad» eller «good tidings» ('godt nytt'):
Det finst også alternative refreng som kan forsterka eller svekka den kristne tilknytinga:
Det finst òg eit moderne tilleggsvers som fortel at «we all know that Santa's coming».
Songen er omsett til svensk som «God jul önskar vi er alla».
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.