William Herschel-teleskopet
From Wikipedia, the free encyclopedia
William Herschel-teleskopet (engelsk William Herschel Telescope, forkorta WHT) er eit 4,20 meter optisk/nær-infraraud refleksjonsteleskop som står ved Observatorio del Roque de los Muchachos på øya La Palma i Kanariøyane i Spania. Teleskopet, som er kalla opp etter William Herschel, er ein del av Isaac Newton-teleskopa. Det vert drifta av Storbritannia, Nederland og Spania.
Då det vart bygd i 1987, var WHT det tredje største enkle optiske teleskopet i verda.[1][2] Det er i dag det nest største i Europa og det siste teleskopet som vart laga av Grubb Parsons i den 150 år lange historia deira.
WHT er utstyrt med ei rekkje instrument innafor det optiske og infraraud synsfeltet. Desse vert nytta av profesjonelle astronomar innan astronomisk forsking. Astronmar som nytta teleskopet fann dei første bevisa for eit supermassivt svart hól (Sgr A*) i sentrum av Mjølkevegen, og gjorde den første optiske observasjonen av eit gammaglimt.