Xylitol er eit naturleg søtstoff, eit kvitt, nesten luktfritt sukkeralkohol som finst i krystallinsk pulverform.

Kjappe fakta Systematisk namn, Kjemisk formel ...
Xylitol
Thumb
Mikroskopbilde av xylitolkrystallar.
Thumb
Systematisk namnD-xylitol
Kjemisk formelC5H12O5
Atommasse152,0685 atommasseeining
Eigenskapar
Smeltepunkt92-96 °C
SI-einingar & STP er brukt om inkje anna er oppgjeve
Lukk

Utvinning

Xylitol kan utvinnast frå bjørk. Dette skjer ved at ein tek hemicellulosen, også kalla xylan, som har fått namnet sitt frå gresk xylon, tre. Av dette stoffet vinn ein ut sukkeret xylose, som under høgt trykk med hydrogen blir redusert til xylitol. Stoffet finst òg i bringebær og plommer.

Bruk

Søtstoffet vert brukt i sukkerfrie søtsaker som tyggegummi. Det fører ikkje til tannråte på same måte som sukker, og undersøkingar har vist at det til og med kan verna tennene. Stoffet fører til auka spyttproduksjon som reinsar munnen. Det kan òg hjelpa til med å reparera små hol og redusera plakk ved å trekka til seg skadelege mikroorganismar i munnen som så svelt av mangel på vanleg.

Xylitol er òg eit søtstoff som kan brukast av diabetikarar ettersom det inneheld om lag 40 % færre kaloriar (2,4 per gram) og blir teke opp i blodet seinare enn vanleg sukker.

Det har òg vist seg at xylitoltyggi kan motverka øyreinfeksjonar. Tygging og svelging hjelper til med å reinska mellomøyret og å få vekk øyrevoks, medan xylitolen motverker bakterievekst i øyretrompeten mellom nasen og øyrene.

Bakgrunnsstoff


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.