Yingkou
From Wikipedia, the free encyclopedia
Yingkou[1] er eit kinesisk byprefektur i provinsen Liaoning i Kina. Innbyggjartalet innanfor grensene er rekna til 2,3 millionar (2004).
Yingkou ligg ved munningen av elva Liao He og er hamneby til Bohai, ein del av Gulehavet. Han var ein av traktatshamnene som vart opna etter Tianjintraktaten frå 1858, under Den andre opiumskrigen. Byen, som då var kjend som Newchwang,[2] låg nær 50 km frå kysten, langs elva Liao. Etter at traktaten var underteikna oppdaga britane at elva ikkje var djup nok for skipa deira. Då vart traktatshamna flytta nedover nærare elveutløpet og det er der Yingkou ligg i dag.
I 2005 bestemte partikomiteen for Liaoning at heile strandlinja i provinsen skulle utviklast kommersielt. Byen og hamna har derfor gått gjennom store utvidingar.