Yorkshirepudding
From Wikipedia, the free encyclopedia
Yorkshirepudding er ein engelsk matrett laga av ei røre av egg, mjøl og mjølk. Puddingen blir som regel bakt i omn og hever seg slik at han blir høg på sidene med eit søkk i midten. Eit «offisielt» høgdemål fastsett av britiske Royal Society of Chemists seier at ein ekte yorkshirepudding skal vera 10 cm høg.[1]
Retten er knytt til Yorkshire gjennom namnet, men blir servert i heile England. Han er knytt til den tradisjonelle søndagsmiddagen (Sunday roast), og kan typisk serverast til roastbiff eller lammesteik.[2] Han kan også serverast åleine[1] med sjy eller lauksaus til, eller som ein søt dessert.[3]
Yorkshirepudding er først nemnd i kokeboka The Art of Cookery made Plain and Easy frå 1747 av Hannah Glasse.[4] Retten er ein variant av «Dripping Pudding»,[5] ein liknande rett som blei sett under ei steik for å samla opp sjyet som draup ned medan ho steikte.