![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c3/YouTube_Upload_in_Opera_at_Linux_Mint.png/640px-YouTube_Upload_in_Opera_at_Linux_Mint.png&w=640&q=50)
YouTube
From Wikipedia, the free encyclopedia
YouTube er ein nettstad der brukarane sjølve kan lasta opp, vise og dele videoklipp. Nettstaden vart grunnlagt i februar 2005 av tre tidlegare medarbeidarar i PayPal. I dag har YouTube femti tilsette, og har hovudkontor i San Bruno i California i USA.
YouTube | |||
![]() | |||
![]() | |||
Org.form | Underavdeling, Limited Liability Company | ||
---|---|---|---|
Bransje | Internettbransjen | ||
Skipa | 14. februar 2005 | ||
Eigar | Google AS | ||
Land | USA | ||
Produkt | Videovert på nettet | ||
Grunnleggjar(ar) | Steve Chen,[1] Chad Hurley[1] | ||
Adm.dir. | Susan Wojcicki (2014)[2] | ||
Nettstad | www.youtube.com |
YouTube bruker Adobe Flash til å vise innhaldet, som omfattar klipp frå filmar og TV-program, musikkvideoar og heimelaga videofilmar. YouTube forbyr opplasting av materiale som er beskytta av opphavsrett, men dette har vist seg vanskeleg å gjennomføre. 9. oktober 2006 vart YouTube kjøpt opp av Google for 11 milliardar kroner.
Stoda i første kvartal 2008 var at YouTube ikkje gav noko forteneste. Profitten vart i 2007 sett på som ikkje substansiell av Google. Eksakte tal på profitten vert ikkje offentleggjort, men ein artikkel i Forbes juni 2008 projiserte ein inntekt på 200 millionar USD, grunna auka annonsesal. [3] Prisen for ein annonse på YouTube sida var på den tida 175 000 USD kvar dag, pluss forpliktelsar om å kjøpe Google og YouTube annonsar andre plassar. Ein eigen kanal, forskjellig ved å ha ein eigen bakgrunn, kostar annonsørar 200 000 USD.