From Wikipedia, the free encyclopedia
Zjytomyr eller Sjitomir (ukrainsk og russisk Житомир, polsk Żytomierz, jiddisk זשיטאָמיר) er ein historisk by nord og vest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Zjytomyr oblast (provins), samt det administrative senteret i det omliggande Zjytomyr rajon (distrikt). Merk at byen Zjytomyr ikkje er ein del av Zjytomyr rajon. Sjølve byen er ein eigen rajon i oblasten og i tillegg består Zjytomyr av to såkalla «rajonar i ein by», Bohunskij rajon og Koroljovskij rajon (kalla opp etter Sergej Koroljov). Zjytomyr har kring 280 000 innbyggjarar.
Zjytomyr | |||
Житомир | |||
by | |||
Kievgata mot vest mot St. Mikaelskyrkja. Bilete frå tidleg på 1900-talet | |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Zjytomyr oblast | ||
Høgd | 221 moh. | ||
Koordinatar | 50°15′0″N 28°40′0″E | ||
Areal | 65 km² | ||
Folketal | 277 900 (2005) | ||
Folketettleik | 4 275 / km² | ||
Grunnlagd | 800-talet | ||
Borgarmeister | Volodymyr Deboj | ||
Postnummer | 10000 — 10036 | ||
Retningsnummer | +380 412 | ||
Zjytomyr 50.254444444444°N 28.657777777778°E | |||
Kart som viser Zjytomyr.
| |||
Wikimedia Commons: Zhytomyr | |||
Nettstad: Zjytomyr | |||
Zjytomyr er eit stort trafikknutepunkt. Byen ligg langs ei historisk rute mellom byen Kiev og Brest. I dag går vegane til Warszawa, Kiev, Minsk, Izmajil og fleire andre store byar i Ukraina gjennom byen. Zjytomyr var òg heimstad for Ozerne, eit viktig strategisk flybase under den kalde krigen 11 km søraust for byen.
Hovudnæringane i Zjytomyr er i dag treforedling, næringsmiddelindustri, granittutvinning, metallarbeid og produksjon av musikkinstrument.[1]
Zjytomyr oblast er eit av dei største sentera for den polske minoriteten i Ukraina og i byen ligg ein stor romersk-katolsk polsk gravplass, grunnlagd i 1800. Zjytomyr hadde før andre verdskrigen eit stort jødisk samfunn. Det jødiske samfunnet vart utrydda i Holocaust.
Dei første sikre kjeldene som nemner Zjytomyr er frå 1240, då Batu Khan øydela byen under mongolinvasjonen av Russland. Frå 1320 kom byen under Storhertugdømet Litauen, før han etter Lublinunionen i 1569 kom under den polske krona. I den andre delinga av Polen tilfall byen Russland. Frå 1920 vart byen liggande i Sovjetunionen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.