Ådalsbruk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ådalsbruk
Remove ads

Ådalsbruk er ein tettstad og ein gammal industristad i Løten kommune i Innlandet fylke. Staden har 852 innbyggjarar per 1. januar 2024.[1]Det har vore jarnbanestasjon på Ådalsbruk sidan 1862, og Rørosbanen går gjennom staden. Staden har også eigen skule, Ådalsbruk skole.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Ådalsbruk var rundt 1900 ein av dei største industristadene mellom Oslo og Trondheim, med jarnstøyperiet Aadals Brug Jernstøberi & Mekaniske Verksted (skipa 1842) og Klevfos Cellulose & Papirfabrikk (skipa 1888), begge lagt ved Svartelva. Aadals Brug brann ned i 1928, medan papirfabrikken vart nedlagd i 1976.

Klevfoss Industrimuseum ligg ved Ådalsbruk, og nyttar lokala til papirfabrikken. I samarbeid med Norsk skogmuseum opna Løten kommune i 2012 eit Munch-senter på Klevfoss industrimuseum. Edvard Munch blei fødd på Engelaug Østre i Ådalsbruk, og Munch-senteret syner fram tilknytinga Munch hadde til Ådalsbruk.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads