Innlandet fylke

fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Innlandet fylke
Remove ads

Innlandet er eit fylke i Noreg som blei danna 1. januar 2020. Det består av dei tidlegare fylka Hedmark og Oppland bortsett frå kommunane Jevnaker og Lunner, som blei overførte til Viken fylke.[1] Innlandet grensar til Trøndelag fylke i nord, Møre og Romsdal i nordvest, Vestland fylke i vest og Buskerud og Akershus i sør. Dessutan har det grense til Sverige i aust.

Kjappe fakta Land, Adm.senter ...

Området dekkjer nær 17 prosent[2] av fastlandsarealet i Noreg, og spennar frå Osloregionen i sør til Trøndelag i nord. Mot vest er regionen avgrensa av Jotunheimen og fjellområda i Valdres, og i aust av svenskegrensa.

Den største innsjøen i Noreg, Mjøsa, ligg sentralt plassert midt i Innlandet. Rundt Mjøsa ligg byane Brumunddal, Gjøvik, Moelv, Hamar og Lillehammer, som også er kjende som Mjøsbyane og Mjøsbyregionen.

I tillegg til den største innsjøen i Noreg husar Innlandet også det høgaste fjellet i Noreg, Galdhøpiggen, og den lengste elva, Glomma.

Remove ads

Kommunar

Folketala i oversynet under er frå SSB per 1. januar 2025.

Meir informasjon Nr., Namn ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads