Ål i Hallingdal

statistisk territorialeining i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Ål i Hallingdal
Remove ads

Ål er ein tettstad og administrasjonssenteret i Ål kommune i Buskerud. Tettstaden ligg midt i Hallingdal, ved den austlege enden av Strandafjorden, og har 2 615 innbyggjarar per 1. januar 2024.[1]

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Ål.
Kjappe fakta Land, Fylke ...

Størstedelen av tettstaden ligg på nordsida av Hallingdalselve, og heiter Sundre. Dei små forstadene rundt er Hago, Vestlia og Granhagen. Riksveg 7 går gjennom Ål på nordsida av elva og på sørsida ligg Ål stasjon, som er stoppestad for Bergensbanen.

Ål er eit handels- og skulesentrum, og har kulturhus, Ål kulturhus med Hallingrosa, ei utstilling av rosemålingskunst, og ei større permanent Rolf Nesch-utstilling. Her er også sjukestove med base for Norsk Luftambulanse.[2] Avisa Hallingdølen kjem ut på Ål tre dagar i veka.

Sundre var den førande garden i Ål i mange år, og vart sentrum av di både Ål kyrkje, Ål stavkyrkje, og tingstugu vart lagt i dette området. Når lokalkjende hallingar i dag snakkar om Ål sentrum, nyttar dei framleis omgrepet «på Sundre». Folk utanfor dalen brukar gjerne nemninga «på Ål» i same tyding. Sundre er rekna til om lag rett ovanfor Ål kyrkje.

Remove ads

Folkemengd

Meir informasjon Folketalsutvikling på Ål ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads