Bergensbanen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bergensbanen
Remove ads

Bergensbanen eller Bergensbana er ei 50 mil lang einspora jarnbaneline mellom Bergen og Oslo. Lina er den høgastliggjande hovudlina i Europa ved å krysse Hardangervidda, med 1238 meter over havet som høgaste punktet på den noverande traseen. Lina vart opna av kong Haakon VIIVoss stasjon den 27. november 1909, og har vorte ein populær turistattraksjon.

Thumb
Lokomotivet NSB El. 18 dreg eit tog over Hardangervidda
Thumb
Kart over kor Bergensbana går hen
Thumb
Snørydding 1908
Thumb
Begna bru over Ådalselva (del av elva Begna) rett utanfor Hønefoss stasjon er ei 216 meter lang steinbru som vart bygd for Bergensbana på strekninga mellom Hønefoss og Roa, den noverande Roa-Hønefosslina.
Thumb
Frå samankoplinga av bana mellom aust og vest ved Ustaoset.
Remove ads

Historie

Tanken om ei bane mellom Oslo og Bergen vart lansert 24. august 1871 av forstmeister A.T. Gløersen, i ein artikkel trykt i Bergensavisen. Initiativet har gjeve han heiderstittelen «Bergensbanens far». Framlegget hans vart møtt med skepsis frå mange hald. Hovudinnvendingane gjekk på at bygginga ville bli svært kostbar, at banen ikkje ville vere til særleg nytte for godstransporten og at bana lokalt var til avgrensa nytte sidan ho for ein stor del gjekk gjennom folketomme område. Dessutan ville vêrtilhøva gjere det vanskeleg å halde bana open vinterstid. Vossabana mellom Bergen og Voss blei opna i 1883, og ho gjekk etter traséen som òg var teken fram for Bergensbana. Då Stortinget endeleg tok ei avgjerd i 1894, etter eit lengre ordskifte om kva veg jarnbanelina skulle ta vidare over fjellet, valde innanriksminister Johan Thorne å trekkje seg. Hovudargumentet for bana var den lange reisetida mellom Bergen og Oslo; ei båtreise tok meir enn 50 timar. Mellom andre argument som vart trekte fram i debatten, var dei røynslene Fridtjof Nansen gjorde om landskapet då han i 1884 gjekk på ski over fjellet. Fyrst vart lina mellom Voss og Taugevatn godkjend av Stortinget, i 1898 vart resten av lina godkjend.

Bygginga av Bergensbana var ei stor økonomisk satsing for staten. Bana kosta om lag eit halvt norsk statsbudsjett i 1909, eller ca 2,5 prosent av BNP.

Bygginga av bana var ei stor utfordring. Lina måtte leggjast i ugjestmildt terreng høgt over havet, i ein region utan vegar. Vinterstid var og er det fleire meter med snø. Strekninga mellom Voss og Myrdal vart opna sumaren 1906. Heile lina vart opna for passasjertrafikk 27. november 1909.

Frå fyrste stund var Bergensbana ein suksess målt i trafikktal. Han fekk snart tre gonger så mange reisande som Rørosbana mellom Trondheim og Oslo. I 1920–21 reiste 3,7 millionar passasjerar med bana. Dei mørke spådomane om ugjerlege vêrtilhøve slo heller ikkje til.

I 1957 var dei gamle damplokomotiva avløyste av dieseldrivne lokomotiv. I 1964 var jarnbana ferdig elektrifisert. I 1984 byrja difor NSB å køyre dei fleste persontoga om Drammen i staden for om Roa.[1]

Remove ads

Jernbaneanlegget

Bergensbana hadde i 1909 ei lengd på 493 km. Bana hadde 182 tunnelar, med ei total lengd på 73 km. Den lengste tunnelen var han ved Trollkona, litt over 8 kilometer lang. Den lengste tunnelen i dag er, bortsett frå Liertunnelen på 10 700 meter, som eigentleg høyrer til Drammensbana, Finsetunnelen som er 10 300 meter lang og som stod ferdig i 1993. Den lengste brua på Bergensbana mellom Hønefoss og Bergen er Kongsnutbrua på 160 m, opna 1994. Den høgastliggjande stasjonen er Finse stasjon (1222 moh.), og det høgaste punktet på lina var Fagernut ved Taugevatn (1301 moh.). I dag er lina 409 km og høgaste punkt, 1238 moh., ligg inni Finsetunnelen.[2] Innkortinga kjem av bygging av fleire tunnelar, mellom anna Ulrikentunnelen.

Dei fullstendige planane for Bergensbana omfatta ei Ringeriksline direkte frå Hønefoss til Oslo. Men for å spare pengar vart den såkalla «grisekrøllen» om Roa i Lunner kommune vald i staden. Strekninga mellom Hønefoss stasjon i Ringerike kommune og Roa stasjon vart opna i 1909, og med det vart Bergensbana knytt til Gjøvikbana, og toga køyrde på Gjøvikbana inn og ut av Oslo. Gjøvikbana var knytt til jarnbanestasjonen Oslo Ø, som såleis vart stasjonen i Oslo for persontoga mellom Oslo og Bergen. For før Oslotunnelen vart bygd og Oslo Sentralstasjon opna, var det i Oslo to åtskilde endestasjonar for kvart sitt nett av jarnbaneliner, Oslo V for Drammensbana og Oslo Ø for dei andre jarnbanelinene inn til byen.

Ei anna rute mellom Hønefoss og Oslo går over dei to banene Randsfjordbana om Hokksund til Drammen stasjon, og Drammensbana mellom Drammen og Oslo. Etter at Liertunnelen mellom Lier og Asker stasjon vart opna på 70-talet, og Oslotunnelen og Oslo Sentralstasjon seinare vart opna, vart Drammensbana merkbart kortare og dobbeltspora heilt fram til sentralstasjonen, og i den seinare tida kom dessutan høgfartsbana Askerbana til som køyreveg på mykje av strekninga. I våre dagar går difor persontoga på Bergensbanen om Drammen, med dei føremonane dette gjev for dei av passasjerane på Bergensbana som skal til eller frå desse folkerike områda, eller som òg skal nytte toga på Vestfoldbana eller Sørlandsbana på ein del av reisa, og kan byte tog på Drammen stasjon. Strekninga frå Hønefoss stasjon til Roa stasjon vart etter denne omlegginga berre nytta av godstoga mellom Bergen og Oslo, som framleis skal gå over Gjøvikbana, og har no fått namnet Roa-Hønefosslina.

Både lina om Hokksund og Drammen og lina over Roa er ein stor omveg og eit tidstap for dei som skal reise snøgt mellom stasjonane på strekninga mellom Bergen, Hallingdal, Hønefoss og Oslo. Jernbaneverket arbeider difor med planane om å byggje ei ny og stuttare line, kalla Ringeriksbana, mellom Hønefoss og fram til Askerbana/Drammensbana i Sandvika i Bærum kommune. Dette vil korte ned Bergensbana med om lag 60 km og reisetida med om lag 50 minutt.[3]

Remove ads

Trafikk

På Bergensbana går det no (2025) fire daglege avgangar kvar veg på heile distansen. Reisetida varierer frå 6 timar og 32 minutt på det raskaste ettermiddagstoget til 7 timar og 23 minutt på det langsamaste nattoget.[4]

Turisme

Bergensbana er i seg sjølv eit turistmål, som fleire gonger er rangert blant dei vakraste togreisene i verda.[5]

Jernbanelina er i dag eit populært turistmål. Den gamle arbeidarvegen Rallarvegen ligg tett inn til lina og er eit populært turmål, NSB leiger ut syklar mellom anna på Finse. Frå Myrdal går det ei sidebane til Flåm ved Sognefjorden (Flåmsbana). Hardangerbana frå Voss til Granvin i Hardanger vart nedlagd i 1988.

Bergensbana mellom Finse og Haugastøl, filma av NRK. (høg oppløysing)
Remove ads

Stasjonar på Bergensbana

Meir informasjon Stasjon, Opna (årstal) ...
Remove ads

Kjelder

Fotnotar

Sjå òg

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads