Ø
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ø er den tjueåttande bokstaven i det norske alfabetet[1] og eit tillegg til det latinske alfabetet. Han vert dessutan brukt i dansk, færøysk og sørsamisk. Han blir for det meste nytta til å representera ein midtre fremre runda vokal som [ø] og [œ], bortsett frå i sørsamisk, der han blir nytta til å representera diftongen [oe].
Bokstaven oppstod som ei samanskriving av o og e, der midtstreken på E blei skriven tvers over O-en. Det gjorde ein for å uttrykkje [ø] - ein lyd ein uttaler midt imellom dei to (det vile seie at han er både runda som [o] og fremre som [e]). Ө er ein tilsvarande bokstav i det kyrilliske alfabetet, medan Ö blir brukt av fleire andre språk for same lyd.
På dansk kan ø vera eit ord som tyder øy. Ein finn denne tydinga i norske stadnamn som Hankø, Vækerø og Tromsø, og i dei fleste danske øynamna, til dømes Læsø, Samsø og Hans Ø.
I mengdelære tyder det liknande teiknet ∅ den tomme mengda. Dette teiknet er inspirert av bokstaven Ø.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads