Samsø
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Samsø er ei dansk øy i Kattegat, 15 km frå Jylland. Samsø høyrer til Samsø kommune, og har 4 124 innbyggjarar (2006) og eit areal på 114 km². På grunn av den sentrale plasseringa vart øya brukt som ein møtestad i vikingtida, og namnet på øya kjem òg frå denne tida. Namnet har sitt opphav i ordet «samle».
Geografisk er øya delt i tre område:
- Nordøya
- Stavns Fjord
- Sørøya
Kvart år i juni og juli kjem det mange franskmenn, wallisarar og irar her for å plukke jordbær. I Danmark er øya velkjend for dei tidlege potetene frå øya. Dei første potetene kan gå for opp mot 1000 kr, og vert rekna som ei stor delikatesse. I 1997 vann øya ein konkurranse som hadde pågått i ti år, for å sjå om det er mogeleg å berre nytte fornybar energi. Til no har ein stort sett berre nytta vindkraft, og fleire av innbyggjarane på øya er medeigarar i turbinane. Enkelte av desse står utasjærs. Eit energiakademi skal opnast i Ballen tidleg i 2007, og vil inkludere eit gjesteområde for opplæring.
I klårvêr kan ein sjå halvøya Helgenæs i nord.
Remove ads
Norrøn mytologi
På denne øya skal det i følgje Saxo Grammaticus ha vore eit legendarisk slag mellom den svenske meisteren Hjalmar og venen hans Orvar-Odd mot dei tolv sønene til den svenske berserken Arngrim. Slaget var ein gong vidkjend, og vart sunge om i færøyske kvad, i Sagen om Orvar-Odd og Hervararsaga.
I følgje Hervararsaga og Vekkjinga av Angantyr spøkte det i jordvollane etter dei nedslakta berserkane. Dette stogga ikkje Arngrim sitt barnebarn Hervor frå å gå til jordvollane og krevje det forheksa sverdet Tyrfing frå far hennar Angantyr.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Samsø frå Engelsk Wikipedia .
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads