Ølmheim kyrkje
kyrkje i Sogndal kommune From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ølmheim kyrkje (tidlegare Norum kyrkje) ligg på Ylmeim i Sogndal kommune i Sogn og Fjordane fylke, og er ei langkyrkje frå 1863.
Kyrkja vart sett opp etter teikngar av arkitekt Christian Heinrich Grosch med Ola Olson Løken som byggmeister. Ho er soknekyrkje i Norum sokn i Sogn prosti. Soknet heitte tidlegare Ylmeim (òg skrive Ølmheim).
15. januar i 1989 slo lynet ned i tårnet og det starta brenne. Brannvesenet vart varsla og kom til snøgt nok til at dei fekk sløkt brannen før heile kyrkja stod i loge. Tårnet var oppattbygd på hausten same året, og har same utforminga som tidlegare.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- Anne Marta Hoff: Norum kyrkje (i «Norges kirker»)
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen/Digitalarkivet
- Ølmheim kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- No får kyrkja attende det gamle namnet[daud lenkje] (Sogn avis, 31. oktober 2015)
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads