Sogndal kommune
kommune i Sogn og Fjordane fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads

Sogndal er ein kommune i Vestland fylke. Han ligg langt inne i Sognefjorden og grensar til Luster i nord og aust, Lærdal i sør over fjorden, Leikanger i sør og vest og til Balestrand i nordvest. Folk frå Sogndalsfjøra kallar seg sogndøler, medan dei som er busette i Fjærland ofte kallar seg fjærlendingar, folk i Norane nører og folk på Kaupanger kaupingar.
Innbyggjartalet er fordelt på Sogndal (rundt 5000) og Kaupanger (rundt 1500), samt Fjærland (rundt 300).
I tillegg til å vera ei fotballbygd (SIL) blir Sogndal kalla «Saftbygda» - mellom anna kallar supporterlaget til SIL seg for Saftkokaradn. Dette mykje på grunn av Lerum Fabrikker som har avdelingar i bygda. I tillegg til fotballproffar fostrar Sogndal òg Idol-deltakarar. I den tredje omgangen av den norske versjonen av Idol i 2004, deltok Eva Weel Skram og Tone Damli Aaberge.
Remove ads
Regionsenter og skulestad

Sogndal vert rekna som regionsenteret for Sogn.
Hovudadministrasjonen til Høgskulen i Sogn og Fjordane ligg i Sogndal, med nær 2000 studentar. Her ligg òg Sogndal vidaregåande skule.
Tettstader
Verd å vitja
- Kaupanger stavkyrkje er ei av dei eldste i Noreg.
- Norsk Bremuseum
- Den norske bokbyen
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for Sogndal kommune frå 1920:
- a Talet omfattar ikkje Fjærland sokn, som var del av Balestrand kommune fram til det vart overført til Sogndal i 2000. Dette området hadde då 288 innbyggjarar
- b Talet omfattar ikkje Tingstad allmenning, som var del av Leikanger kommune fram til 1964, då det vart overført til Songdal kommune. Dette området hadde då 5 innbyggjarar.
Remove ads
Kjende personar frå Sogndal
- Gjest Bårdsen, meistertjuv, utbrytarkonge og forfattar
- Eva Weel Skram, songar
- Terje Bakken, songar
- Tone Damli Aaberge, songar
- Liv Signe Navarsete, politikar og leiar i Senterpartiet
- Olav Stedje, songar
- Ola Lillevangstu,[treng kjelde] friidrettsmann (fleire gonger finaledeltakar i NM)
- Line Nagell Ylvisåker, forfattar og journalist
- Anders Aa. Mundal 1921–2011, bonde, lærar, lokalhistorikar og forfattar
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads