Øvre Richter Frich

norsk forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia

Øvre Richter Frich
Remove ads

Gjert Øvre Richter Frich, kjend som Øvre Richter Frich, (24. mars 187215. mai 1945) var ein norsk journalist og forfattar. Han er mest kjend for spaningsromanane sine med mellom andre Jonas Fjeld og Adrian Roca i hovudrollene.

Kjappe fakta

Frich var fødd i Trondheim. Far hans var prest David Chr. Frich. Familien budde i Bergen medan Øvre Richter Frich var barn, før dei flytta til Vang i Hedmark der han fekk ungdomsåra sine.

Han arbeidde som journalist for Aftenposten og Ørebladet, og var redaktør for Verdens Gang og Bergens Aftenblad. Den fyrste skjønnlitterære boka han gav ut under eige namn, spaningsromanen De knyttede næver, kom i 1911, og vart den fyrste av 21 bøker i serien om den overariske helten Jonas Fjeld. Til saman skreiv Øvre Richter Frich over 60 bøker. Dei fleste av bøkene hans kom ut i Sverige med, og også der selde dei godt. Nokre av dei seinare bøkene hans kom fyrst ut på svensk, og somme har aldri kome ut i norsk språkdrakt. Frich døydde i Östertälje i Sverige)

Steffen Kverneland gav i 1993 ut ein teikneserieversjon av De knyttede never.

Remove ads

Pseudonym

  • Olsen brukt til boka En Journalists Glemmebog som vart utgjeven på Alb. Cammermeyers forlag i 1903. Boka er illustrert av Ragnvald Blix.
  • Rita Freimann brukt til boka I skyggen av Karl Johan : fragmenter av en kvindes liv frå 1911.
  • Reidar Noman brukt til romanen I polarnattens favn: roman fra Spitsbergen, fyrst då han vart prenta som forsetjingshistorie i Morgenbladet og sidan då han vart utgjeve som særtrykk av Morgenbladet i 1912. Boka vart seinare publisert i hans eige namn.
Remove ads

Bøker

Bøkene om Jonas Fjeld

  • 1911 De knyttede næver. En storforbryders roman.
  • 1912 Kondoren. En landflygtigs roman.
  • 1912 Guldaaren. En eventyrers roman.
  • 1913 De sorte gribbe. En forbryderroman i luften.
  • 1913 Den gyldne pest. En moderne alkemistroman.
  • 1913 I sølvlandets nat. En roman om røvere i røvernes land.
  • 1914 Flyvefisken. En roman fra verdenskrigen 1921.
  • 1914 Den røde taake. En moderne sjørøverroman.
  • 1915 Havets øine.
  • 1916 Donna Franceska.
  • 1917 Hammerslaget.
  • 1918 Lille Jonas Fjeld. Gutteroman.
  • 1920 Lucifers øie. En roman om lys.
  • 1921 Jorden som dræper.
  • 1922 Pans fløite. En roman om forgiftet lyd.
  • 1924 De udødelige dverge.
  • 1926 Jacques Delmas forbandelse.
  • 1927 Slangeblomsten fra Magdala. En Jonas Fjeld-roman.
  • 1932 Storfjellets herre.
  • 1934 Nordlysets datter. Jonas Fjeld-roman.
  • 1935 Menneskejegerene. Kriminalroman.

Bøkene om Jonas Fjeld er gjenutgjevne mange gonger, og då er ortografien i boktitlane gjerne endra. Ofte er også siste del av boktitlane (undertitlane) uteletne i dei seinare utgåvene. Då Helge Erichsens forlag gav ut Jonas Fjeld-serien på nytt på 1960-talet var rekkjefølga i serien ganske annleis frå den rekkjefølga Øvre Richter Frich fekk bøkene utgjevne i fyrste gongen. Her er Jonas Fjeld-serien lista i rekkjefølga han kom ut i Helge Erichsens forlag si utgåve frå 60-talet:

  1. De knyttede never.
  2. Kondoren.
  3. Gullåren.
  4. De sorte gribber.
  5. Den gylne pest.
  6. Flyvefisken.
  7. Havets øine.
  8. I sølvlandets natt.
  9. Den røde tåke.
  10. Donna Francesca.
  11. Jorden som dreper.
  12. Lucifers øye.
  13. Jacques Delmas forbannelse.
  14. Pans fløyte.
  15. Slangeblomsten fra Magdala.
  16. De udødelige dverge.
  17. Lille Jonas Fjeld.
  18. Storfjellets herre.
  19. Nordlysets datter.
  20. Menneskejegerene.
  21. Hammerslaget.

Bøkene om Adrian Roca

  • 1929 Men Rocambole var ikke død...! Moderne kriminalroman.
  • 1929 Vampyren. Moderne kriminalroman.
  • 1930 Den flyvende kuffert.
  • 1931 Bandittenes opmarsj.
  • 1932 Kvelerne.
Remove ads

Andre romanar

  • 1911 I skyggen av Karl Johan. Fragment av en kvindes liv. Publisert under pseudonymet Rita Freimann.
  • 1912 I polarnattens favn. Roman fra Spitsbergen. Fyrst publisert under pseudonymet Reidar Noman, seinare utgåver i eige namn.
  • 1915 Kanonernes sjel. En krigsroman.
  • 1915 Kaperens klør. Roman fra den moderne sjøkrig.
  • 1917 Hyænerne.
  • 1917 Handelsspionen Servans. Utgjeven utan at forfattar vart oppgjeve, berre «oversat av O.W. Erichsen». Det er noko usemje om det verkeleg er Frich som har skrive boka.
  • 1921 Morgenrødens vinger. En moderne smuglerroman.
  • 1921 Det ytterste hav. En roman fra en ukjendt verden.
  • 1922 Solkongens arv. Roman fra Stillehavet.
  • 1923 Den evige vandrer. Av en lommetyv og hotelrottes saga.
  • 1924 Olympieren. En idrætsroman.
  • 1925 Rottærne. En roman om banditter og provokatører.
  • 1925 Madonnas smil.
  • 1925 Halvkunstnerne. Moderne pariserbilleder.
  • 1927 De fædrelandsløses ø.
  • 1928 Jacob Harvis, spilleren.
  • 1928 Ulvene.
  • 1928 Mr. Clawsons Norgesfærd. En Osloroman.
  • 1929 Journalisten og filmstjernen.
  • 1930 Saksofonkongen.
  • 1933 Stortyven og hans hund.
  • 1933 Havfruens sønn.
  • 1933 Fredag den 13de.
  • 1938 2x3. Kriminalroman.
  • 1938 De tause barn fra Ural.
  • 1940 I Eiffeltårnets skygge.
  • 1941 Starke Janson i Kinesiska sjøn. (Ikkje utgjeven på norsk.)
  • 1941 Två män på en flotte i Søderhavet.
Norsk utgåve:
1942 To mann på flåten.
  • 1941 Styrmann Rolf i Alaska. (Ikkje utgjeven på norsk.)
  • 1942 Karolinen i Sødra ishavet. (Ikkje utgjeven på norsk.)
  • 1942 Styrmann Rolf i Klondyke. (Ikkje utgjeven på norsk.)

Kjelder

Remove ads

Bøker om Øvre Richter Frich og forfattarskapet hans

  • Christopher Hals Gylseth: -seg selv til det ytterste : Øvre Richter Frich og hans forfatterskap (Cappelen) 1997 ISBN 82-02-16198-3
  • Eiler Hagerup Schiötz: Øvre Richter Frich : en bio-bibliografi (Bjørn Ringstrøms Antikvariat) 1982
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads