Byneset

tidlegare kommune i Sør-Trøndelag fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Byneset
Remove ads

Byneset er ein tidlegare kommune i Sør-Trøndelag.

Kjappe fakta Land ...
Thumb
Byneset kyrkje

Byneset er den vestlegaste delen av Trondheim kommune og ligg på ei halvøy i Trondheimsfjorden. Byneset er stort sett eit landbruksområde.

Remove ads

Historie

Byneset blei oppretta som kommune ved formannskapslovene i 1837. I 1855 blei Buvik kommune skilt ut frå Byneset. Ved delinga hadde Byneset 2109 innbyggjarar. 1. januar 1964 blei Byneset kommune slått saman med Leinstrand, Strinda, Tiller og Trondheim kommune til nye Trondheim kommune. Ved samanslåinga hadde Byneset 2049 innbyggjarar.

I mange år blei det drive med torvuttak på myrane på Byneset, særleg på Stormyra ved Spongdal. På Stormyra finn ein i dag eit av Byneset Idrettslag sine fotballanlegg.

Byneset Historielag blei stifta 17. november 1994.

Remove ads

Befolkning

På Byneset bur det no om lag 2500 innbyggjarar. Her er to tettstadar der, som står for omtrent halvparten av folketalet. Resten av folket bur spreidd utover heile Byneset. Tettstadane:

Den største tettstaden er Spongdal. Spongdal er relativt tett busett, og har mellom anna daglegvarebutikk og andre servicetilbod, og forsamlingshuset Folkvang.

På Spongdal og Rye finn ein også dei to einaste skulane på Byneset, Rye skole og Spongdal skole. Spongdal skole er den einaste med ungdomstrinn, og elevane frå Rye tek til der når dei startar på 8. klassesteget. I tillegg tek Spongdal skole imot 8.-klassingar frå Nypvang skole

Remove ads

Byneset kyrkje

Byneset kyrkje også kjend som Mikalskyrkja på Stein, er ei steinkyrkje frå 1100-talet, ei av dei eldste i Trøndelag. Det ligg ein kyrkjegard ved kyrkja.

Næringsliv

På Byneset ligg det største golfanlegget i området, Byneset Golf. Anlegget blei etablert i 2000, då med 9 hol på bane sør. I dag har bana ei enkel 9-holsbane, og ei meir krevjande 18-holsbane. Golfanlegget er designa av golfarkitekten Donald Steel

Kjende bynesingar

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads