'39
song av Queen From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«'39» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han var skriven av sologitaristen Brian May og er det femte sporet på det fjerde studioalbumet deira, A Night at the Opera.
Songen fortel om ei gruppe romfararar som legg ut på ei reise som skal vare eitt år. Då dei kjem attende skjønar dei at det har gått hundreår på grunn av tidsdilatasjonen i den spesielle relativitetsteorien til Einstein, og alle dei hadde kjær er no døde eller gamle.[2]
Songen vart gjeven ut til B-sida til «You're My Best Friend».
Oom ein listar opp alle dei førre Queen-songane frå dei første tre albuma, og dei første frå dette albumet, så vert «'39» den 39. songen i rekkjefølgja.
Remove ads
Innspeling
May bad bassisten John Deacon om spele kontrabass på songen som ein spøk, men eit par dagar seinare dukka Deacon opp i studio med instrumentet, og han hadde alt lært seg å spele det.[3]
Sidan Queen hadde kalla albumea sine A Night at the Opera og A Day at the Races etter to av dei mest populære filmane til Marx Brothers, vitja Queen Groucho Marx i heimen hans i Los Angeles i mars 1977 (fem månader før han døydde). Bandet takka han og framførte «'39» acappella.[4]
Remove ads
Konsertversjonar
Songen vart først framført i Edinburgh i september 1976 og var på setlista fram til desember 1979. Songen vart spelt nokre gonger i 1984. I staden for at May song solovokal på desse versjonane, song Mercury songen.
George Michael framførte «'39» under Freddie Mercury Tribute Concert i april 1992.[5][6] Michael sa at songen var hans favoritt Queen-song, og hevda at han spelte songen då han var gatemusikant på London Underground.[7]
Remove ads
Medverkande
- Brian May - akustisk og elektrisk gitar, solo- og korvokal
- Freddie Mercury - korvokal
- Roger Taylor - basstromme, korvokal, tamburin
- John Deacon - kontrabass
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads