Tidsdilatasjon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Tidsdilatasjon er ei relativistisk tidsforskyving. I følgje relativitetsteorien finst det ingen absolutt tid. Tidsdimensjonen vert påverka av rørsletilstanden og av gravitasjonsfeltet rundt observatøren. Det omfattar at tida går med forskjellig fart i to tregleiksystem som flyttar seg i forhold til kvarandre, eller som finn seg på forskjellige stader i eit gravitasjonsfelt.

Tidsdilatasjonen gjev opphav til det såkalla tvillingparadokset.

Remove ads

Eksperimentelle bevis

I dag er det eksperimentelt stadfesta at tida verkeleg går saktare under høg fart og i gravitasjonsfelt.

Bevis ved hjelp av to atomur

At tida går saktare er bevist ved å bruke to atomur, der det eine er på jorda og det andre blir med på ein tur i eit supersonisk fly. Ved samanlikning av ura etterpå, har ein sett at uret som var om bord i flyet går litt seinare i forhold til det uret som har vore på jorda heile tida. Sjølv om supersoniske fly går fort, så er snøggleiken langt frå lysfarten for Concorde omkring 1/500 000 så effekten er særs liten, men målbar.

Bevis ved partikkelakseleratorer

Når partiklar akselererast til særs høge snøggleikar i samband med fysiske eksperiment er det nødvendig å rekne med relativistiske rørslelikningar for å få akseleratoren til å virke.

GPS

Det globale navigasjonssystemet GPS bygger på relativistiske rørslelikningar. Ombord i satellittane som inngår i systemet er det atomklokker som gjør det mogeleg å rekne ut den nøyaktige posisjonen til satellitten basert på kva klokken er. Utan å korrigere for at tida går saktare ombord i satellittane, hadde ikkje systemet vore mogeleg.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads