253 Mathilde

asteroide From Wikipedia, the free encyclopedia

253 Mathilde
Remove ads

253 Mathilde er ein hovudbelteasteroide som blei vitja da NEAR Shoemaker-romsonden var på veg til 433 Eros. Han er den fyrste asteroiden vitja av eit romfartøy.

Thumb
NEAR Shoemaker-bilde av 253 Mathilde
Kjappe fakta Oppdaging, Oppdaga av ...

Mathilde er svært mørk, svartare en kol og ein meiner at samansettinga er som karbonrike chondrittmeteorittar. Tettleiken målt av NEAR Shoemaker, 1300 kg/m³, var under det halve til typiske karbonrike chondrittar. Dette kan indikere at asteroiden er ein laust samansett haug av grus. Det same er tilfelle for ein annan C-type asteroide (som berre er studert frå jorda), 45 Eugenia.

Banen til Mathilde er eksentrisk, og tar han til det ytre av hovudbeltet. Han har au ein av dei seinaste rotasjonsperiodane til dei kjende asteroidane. Difor fekk ikkje NEAR Shoemaker fotografert heile overflata til asteroiden.

Ein meiner at Mathilde er namnsett etter kona til astronomen Moritz Loewy.

Remove ads

Krater

Asteroiden er market med mange svært store og tydelege krater, mange av dei er breiare enn snittradiusen til asteroiden. Det er ingen forskjellar i farge eller ljosheit, så dei indre delane til asteroiden må vera svært homogene.

Dette er ei liste over kratera. Av di at Mathilde er ein mørk karbonsk lekam har kratera blitt namnsett etter nokon av dei mest kjende kolfelta i verda.

KraterNamnsett etter
AachenkrateretAachen, Tyskland
BaganurkrateretBaganur, Mongolia
BenhamkrateretBenham, Kentucky, USA
ClackmannankrateretClackmannan, Storbritannia
DamodarkrateretDamodar, India
EnugukrateretEnugu, Nigeria
IshikarikrateretIshikari, Japan
JeradakrateretJerada, Marokko
JixikrateretJixi, Kina
KalimantankrateretKalimantan, Indonesia
KarookrateretKaroo, Sør-Afrika
KuznetskkrateretKuznetsk, Russland
LorrainekrateretLorraine, Frankrike
LublinkrateretLublin, Polen
MaritsakrateretMaritsa, Bulgaria
MatanuskakrateretMatanuska, Alaska, USA
MulgildiekrateretMulgildie, Australia
OaxacakrateretOaxaca, Mexico
OtagokrateretOtago, Ny Zealand
QuettakrateretQuetta, Pakistan
SimilkameenkrateretSimilkameen, Canada
TeruelkrateretTeruel, Spania
ZuliakrateretZulia, Venezuela


Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads