Mathilde

kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Mathilde
Remove ads

Matilde og Mathilde er norske former av eit opphavleg gammalhøgtysk namn, Mechthild, sett saman av macht, 'makt', og hildr, 'kamp'. Namnet blei latinisert som Mathilda og kjend på fransk, tysk og dansk som «Mathilde». Matilda er ei italiensk og spansk form av namnet.

Thumb
Matilda av Canossa måla og namngjeven i eit manuskript frå 1100-talet.
Thumb
«Den Stormægtigste Dronning Caroline Mathilde til Hæst», satirisk teikning av dronning Caroline Mathilde av Danmark.

Kortformer av namnet er Maud, Mette, Tilda, Tilde og Tille.

Mathilde har norsk namnedag den 14. mars.

I 2009 var det 3240 kvinner som heitte Mathilde og 732 som heitte Matilde. Bruken av begge namna var stigande. Mathilde var også eit utbreidd namn på slutten av 1800-talet, då opp mot 1,0 % av nyfødde jenter fekk namnet.

Remove ads

Namneberarar

  • Matilda av Skottland (ca. 1080–1118), engelsk dronning
  • Matilda (Maud) av England (1101–1167), første regjerande dronning av England
  • Matilde av Kanossa (d. 1115), italiensk grevinne
  • Dronning Caroline Mathilde (1751–1775), britisk-fødd dronning av Danmark
  • Mathilde Franziska Anneke (1817–1884), tysk-amerikansk aviskvinne og kvinnesaksforkjempar
  • Mathilde Marchesi (1821–1913), tysk songar
  • Matilda Joslyn Gage (1826–1898), amerikansk fritenkjar og kvinnesaksforkjempar
  • Mathilde Wesendonck (1828–1902), tysk forfattar
  • Mathilde Blind (1841–1896), tysk-britisk diktar
  • Matilda Ksjesinskaja (1872–1971), russisk ballerina
  • Mathilde Malling Hauschultz (1885–1929), dansk politikar
  • Matilde Camus (f. 1919), spansk forfattar
  • Mathilda May (f. 1965), fransk filmskodespelar
  • Mathilde Nortvedt (f. 1970), norsk kunstnar
  • Mathilde, hertuginne av Brabant (f. 1973), kronprinsesse av Belgia
Remove ads

Annan bruk

  • Matilde er namnet på ein roman av Oskar Braaten frå 1920.
  • Matilda er ei barnebok av Roald Dahl frå 1988. Boka blei gjort om til film i 1996.
  • 253 Mathilde er namnet på ein asteroide
  • Mathilde er ein barnebokserie av Einar A. Lund

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads