5D (Fifth Dimension)

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«5D (Fifth Dimension)» er ein song av det amerikanske rockebandet The Byrds, skriven av bandmedlemmet Jim McGuinn.[1] Han vart gjeven ut på singel 13. juni 1966 og nådde 44. plass på den amerikanske singellista, men kom ikkje ein gong inn på den britiske.[2][3][4] Songen vart òg gjeven ut som opningsspor på det tredje albumet deira, Fifth Dimension, som kom ut 18. juli 1966.[2] «5D (Fifth Dimension)» kom ut etter den viktige singelen «Eight Miles High» single og tok den psykedeliske eksperimenteringa deira eit steg vidare.[1]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

I følgje McGuinn var teksten eit forsøk på forklare relativitetsteorien til Einstein og var direkte inspirert av boka 1-2-3-4, More, More, More, More av Don Landis.[5] Den abstrakte songteksten vart av mange tilhengjarar tolka som ei LSD-tripp, noko McGuinn nekta på det sterkaste.[6] På grunn av desse skuldingane vart songen bannlyst frå somme radiostasjonar i USA.[7]

Innspelinga av songen vart gjort 24. og 25. mai 1966 med Allen Stanton som produsent.[8] På songen finn ein Bach-aktig orgel og elektrisk piano, spelt av Van Dyke Parks.[8][9] «5D (Fifth Dimension)» var ein av favorittane til The Byrds-bassisten Chris Hillman, som skildra han som «ein av dei flottaste songane McGuinn nokon gong har skrive.»[10]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads