7 Year Bitch
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«7 Year Bitch» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1985 som den andre singelen frå det tolvte studioalbumet deira Rogues Gallery. Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av John Punter.[2] Han nådde 60. plassen i Storbritannia og låg på lista i tre veker.[3]
B-sida til singelen var «Leave Them Girls Alone», som var eksklusiv for singelen og som seinare kom ut på samlealbumet B-Sides. På 12"-utgåva av singelen var det ein lengre versjon av «7 Year Bitch» på A-sida og ein andre song på B-sida, eit konsertopptak av «We'll Bring the House Down», henta frå konsertalbumet Slade on Stage.[4][5]
Det vart laga ein musikkvideo til songen, regissert av Phillip Davey og filma i Ewert Studios i London. Det var den einaste videoen til Slade med seksuelle konnotasjonar, og syner bandet som speler i eit stort oransje telt med ei gruppe kvinner.
Remove ads
Format
- 7"-singel
- «7 Year Bitch» - 3:58
- «Leave Them Girls Alone» - 3:13
- 12"-singel
- «7 Year Bitch (Extended Version)» - 5:38
- «Leave Them Girls Alone» - 3:13
- «We'll Bring the House Down (Live Version)» - 4:33
Salslister
Medverkande
- Slade
- Noddy Holder - solovokal
- Jim Lea - bass, synthesiser, korvokal, produsent på «Leave Them Girls Alone» og «We'll Bring the House Down (Live)», arrangør
- Dave Hill - sologitar, korvokal
- Don Powell - trommer
- Andre medverkande
- John Punter - produsent på «7 Year Bitch»
- The Square Red Studio - design
- Chris Thomson - front fotografi
- Simon Fowler - back fotografi
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads