85 Io
asteroide From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
85 Io er ein stor mørk hovudbelteasteroide av C-typen. Han er sannsynlegvis ein primitiv lekam med ein karbonrik samansetnad. Likt som 70 Panopaea går han i bane innanfor Eunomia-familien, men har ingenting å gjera med det tidlegare objektet som er opphavet til familien.
- Må ikkje forvekslast med jupitermånen Io.
Io har ei retrograd banerørsle og ei uregelmessig form. Han vart oppdaga av C. H. F. Peters den 19. september 1865 og namnsett etter Io, ei av elskarinnene til Zeus i gresk mytologi.
Frå studie av ein stjerneokkultasjon den 10. desember 1995 kom ein fram til at 85 Io hadde ein diameter på 178 kilometer.[5]
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads