AMFI Nesttun

From Wikipedia, the free encyclopedia

AMFI Nesttun
Remove ads

AMFI Nesttun, tidlegare Nesttunsenteret, er eit kjøpesenter i Fana bydel i Bergen, ca. 10 km sør for Bergen sentrum. Senteret opna i 1996 og har 23 butikkar. Det ligg i Nesttun sentrum, kommunesenteret i tidlegare Fana kommune, som er eit komprimert handels- og serviceområde med i alt 110 verksemder innan handel, post og bank i tillegg til ei rekkje private og offentlege servicefunksjoner. Staden er eit trafikknutepunkt, og Nesttun terminal var førebels endestasjon for byggjetrinn éin i utbygginga av Bybanen i Bergen. Bybanestasjonen Nesttun sentrum vart bygd rett utanfor senteret, og opna 21. juli 2013 då byggjetrinn to i utbygginga av bybanen stod ferdig.

Kjappe fakta Offisielt namn, Kallenamn ...

5. november 2015 bytta senteret namn frå Nesttunsenteret til AMFI Nesttun då AMFI Drift AS tok over drifta.[1]

Remove ads

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads