AS Saint-Étienne

From Wikipedia, the free encyclopedia

AS Saint-Étienne
Remove ads

Association Sportive de Saint-Étienne Loire, til dagleg nemnd AS Saint-Étienne eller berre Saint-Étienne, er ein fotballklubb i Saint-Étienne i Rhône-Alpes i Frankrike. Klubben, som vart stifta i 1919, spelar i Ligue 1, den øvste divisjonen i Frankrike.

Thumb
Spelarane på Saint-Étienne etter å ha sikra seg finaleplass i Europacupen 1976, med siger over PSV Eindhoven
Kjappe fakta Fullt namn, Kallenamn ...

Saint-Étienne er den mest suksessfulle fotballklubben i Frankrike. Med sine ti seriemeisterskap, ingen franske klubbar har så mange, og seks cuptriumfar har klubben flest trofe av franske fotballag. Stordomstida for klubben var perioden 1962 til 1982, då klubben også spela seg fram til ein finale i Europacupen. Den 12. mai 1976 møtte Saint-Étienne den vesttyske toppklubben Bayern MünchenHampden Park i Glasgow, og tapte kampen 0-1.

Saint-Étienne spelar heimekampane på Stade Geoffroy-Guichard, eit stadion med plass til 35 616 tilskodarar. Laget spelar i grøne trøyer, kvite bukser og grøne strømper.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads