A Well Respected Man
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«A Well Respected Man» er ein song av det britiske bandet The Kinks. Han kom først ut på den britiske EPen Kwyet Kinks i september 1965. Han vart gjeven ut som singel i USA i oktober og nådde 13. plassen der. Musikalsk markerte han starten på nye retningar for The Kinks med inspirasjon frå britisk varieté-tradisjonar, samt amerikansk rhythm and blues som i seinare songar som «Dedicated Follower of Fashion». Etter at singelen oppnådde suksess i USA, vart han òg gjeven ut som singel i Europa i mars 1966.
Han var ein av tre songar av The Kinks som vart med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over 500 songar som forma rock and roll, i lag med «You Really Got Me» og «Lola».
Davies komponerte songen baserte på negative opplevingar med overklassen på ein lukusferie han hadde i 1965.
Remove ads
Andre versjonar
Ein norsk versjon av songen vart omsett av Helge Grønhaug som «En veldig respektabel mann» og spelt inn av De musikalke dvergene og Frode Alnæs.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «A Well Respected Man» frå Wikipedia på engelsk, den 16. april 2009.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads