Aachenkatedralen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Aachenkatedralen
Remove ads

Aachenkatedralen er ei domkyrkje i Aachen i den tyske delstaten Nordrhein-Westfalen. Katedralen, som er vigd Maria møy, er domkyrkje for Aachen bispedømme.

Kjappe fakta Arkitekt, Stil ...

Kyrkja vart bygd frå 786 etter påbod frå Karl den store. Han vart gravlagd i kyrkja i 814, der leivningane etter han framleis finst.

Dagens kyrkje består av fleire delar. Av desse er den karolingiske oktogonen det viktigste bidraget til den såkalla karolingiske renessansen. Denne er omgjeven av fleire seinare tilbygg. Mellom desse er den gotiske korhallen i aust, vestverket og enkelte sidekapell.

Aachenkatedralen var mellom dei utvalde som kom med på UNESCO si verdsarvliste, då denne vart vedteken i 1978.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads