Karl den store
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Karl den store eller keisar Karl I (2. april 748–28. januar 814) var konge av Frankarriket frå år 771, konge av Lombardia frå 774, og tysk-romersk keisar frå 800.
Remove ads
Det er uklart og ueinigheit rundt fødselsdatoen til Karl. Nokre vil meine han vart fødd 2. april 747, der fødselsdatoen då vart rekna ut frå den alderen som vart oppgjeven då han døydde. Andre vil meine fødeselsdatoen var 1. april 742. Mellom anna gifta foreldra hans seg fyrst i 744. Om Karl hadde vorte fødd utanom ekteskap ville han ha vorte rekna som ein bastard, og kunne dermed ikkje ha arva foreldra sine. Den siste gruppa meiner Karl vart fødd i 748.
Karl den store var eldste son av kong Pippin den stutte. Stamfar for kongeætta karolingarane var farfar av Pippin, Pippin av Heristal.
Han budde i Aachen og er gravlagd i katedralen der. Karlsprisen er oppkalla etter han.

Remove ads
Namn
Karl den store kan verta omtala med ei heil rad av namnevariantar og titlar. Her kan nemnast tysk Karl der Große, latin Carolus Magnus, italiensk Carlomagno. Det franske namnet Charlemagne vert brukt på mange andre språk, mellom anna engelsk, og nokre gonger på norsk. På norsk kan han verta omtala som Karlamagnus, på norrønt språk Karlamagnús. Karlamagnús saga er ei prosaomsetjing av franske heltekvad om Karl den store, mellom anna Rolandskvadet. I sogene vert Karl den store framstilt som ein idealisert kristen riddar. Heilag-Olav kalla opp son sin Magnus I etter Karlamagnus. Magnus er eit latinsk adjektiv som tyder stor. Namnet Magnus er nytta av fleire norske kongar.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2023) |
Bakgrunnsstoff

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads