Abbas den store

iransk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Abbas den store
Remove ads

Abbas den store (27. januar 157119. januar 1629) var sjah av Persia frå 1588 til han døydde. Han var den femte safavidesjahen, og den tredje sonen til sjah Mohammad Khodabanda. Abbas er rekna som ein av dei største safavideleiarane.

Abbas knuste fleire oppreistar og erobra land. I 1598 flytta han hovudstaden til Isfahan, og gjorde byen til ein av dei mest utsmykka byane i verda. Abbas gjorde mykje for å utvikle næringsvegane i riket, ikkje minst framstillinga av teppe. Han fekk bygt vegar, bruer og karavanseraiar som enno er i bruk. Då han døydde, rådde han over landområde frå Tigris i vest til Indus i aust.[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads