Abd al Kuri

From Wikipedia, the free encyclopedia

Abd al Kuri
Remove ads

Abd al Kuri (arabisk skrift عبد الكوري) er ei steinete øy kring 105 km sørvest for Socotra i Indiahavet.[2] Ho er ein del av Socotraøyane[2] i Hadhramaut guvernement i Jemen,[1] men ligg geografisk nærmare Somalia.[2] Øya består av granitt og dioritt dekt av kalkstein.[4]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...

Mykje av Abd al Kuri er halvørken med lite vegetasjon.[2] To åsrekkjer strekkjer seg langs heile øya.[5] Nordkysten består for det meste av ei sandstrand med nokre få klipper, medan sørkysten består av bratte klipper.[5][6] Det høgaste punktet, Ṣāliḥ, har ei høgd på over 700 meter over havet. Dei fleste innbyggjarane lever av fiske.[2] Den største landsbyen på øya er Kilmia.[7]

Abd al Kuri har fleire endemiske planter[2] og ein endemisk fugl, Abd al-Kuri-sporven, som ein trur det finst færre enn tusen av.[8][9][10]

Remove ads

Galleri

Thumb
Topografisk kart over Socotraøyane. Abd al-Kuri er nede til venstre.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads