Abdul-Bahá
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Abdul-Baha eller Abbas effendi (23. mai 1844–28. november 1921) var eldste sonen til bahaigrunnleggjaren Bahaullah, og blei utnemnd som ny leiar for trua då faren døydde i 1892.

Abdul-Baha blei fødd i Teheran natta til 23. mai 1844, same dagen som Ali Muhammad Shirazi, kjend som Baben, grunnleggjaren av babismen som var forløparen til bahai, tok til å forkynna.
Då Abdul-Baha var ni blei faren fengsla etter at nokre babiar hadde planlagd eit attentat på sjahen. Han måtte seinare dra i eksil frå Persia, og familien følgde med til Bagdad før dei til slutt slo seg ned i Akko i noverande Israel.
Då ungtyrkarane skapte revolusjon i Det osmanske riket blei Abdul-Baha sleppt fri i 1908 og flytta frå Akko til Haifa ved Karmelfjellet, der han gravla leivningane til Baben. Dette er blitt ein viktig heilagdom for bahaiane. Dei påfølgjande åra reiste Abdul-Baha i Europa og Amerika for å spreia religionen sin.
78 år gamal døydde Abdul-Baha i Haifa. Den eldste dottersonen hans, Shoghi Effendi, blei utnemnd til beskyttar og leiar for det veksande bahaisamfunnet.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Abdul-Bahá» frå Wikipedia på bokmål, og «`Abdu'l-Bahá» frå Wikipedia på engelsk den 26. november 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads