Abeng
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
Abeng (frå twi abεŋ, abεn)[1] er eit blåseinstrument knytt til maroonar på Jamaica. Det er eit naturhorn som er blitt brukt til kommunikasjon og seremoniar, og er blitt eit symbol for maroonane.[2]
Ein abeng blir laga av eit dyrehorn, som regel kuhorn. Ein bles i det ved å ha leppene mot eit hol på sida av hornet. Tonen blir variert ved hjelp av å flytta tommelen over eit lite hol i tuppen av hornet.[3]
Maroonane har brukt det til å senda signal med frå den første maroonkrigen til nyare tid.[2][1] Lyden frå hornet kan herma etter tonelaget og rytmen i ei avgrensa gruppe twi-ord, slik at ein kan bruka det til å kommunisera over avstand. I konfliktar kunne det til dømes brukast til å fortelja om kor mange soldatar som nærma seg og kva rute dei tok, eller til å gje ordre til eigne soldatar, på ein måte berre maroonar forstod. Dette gjorde lyden frykta blant britiske soldatar, og ved kamp kunne det også blåsast kontinuerleg for å skremma dei.[3]
I dag blir hornet brukt til høgtider, til å kalla inn til folkemøte og til å dela viktige nyhende.[3] Hornet har ei viktig rolle i alle maroon-seremoniar.[4]
Abeng er både eit symbol for maroonar og for frigjering. På 1960-talet blei ei radikal avis på Jamaica kalla Abeng.[3] I 1984 gav Michelle Cliff ut romanen Abeng som tok for seg kolonihistoria til Jamaica.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads