Abermenai Point
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Abermenai Point er det sørlegaste punktet på øya Anglesey i Wales. Det markerer òg nordsida av det vestlege innløpet til Menaisundet.


Remove ads
Abermenai var ei viktig hamn i mellomalderen, og er nemnd fleire gonger i livssoga om Gruffudd ap Cynan frå 1100-talet.[1] Her blir det fortald at han gav kona si Angharad ferch Owain inntektene frå hamna på dødsleiet.[2] Dei blei seinare gjevne til Eleanor av Castila, dronninga til Edvard I, på 1200-talet og til Isabella, dronninga til Edvard II på 1300-talet.[3][4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads