Abha

From Wikipedia, the free encyclopedia

Abha
Remove ads

Abha (arabisk أبها, Abhā) er hovudstaden i provinsen Asir i Saudi-Arabia. Han ligg 2 200 meter over havet i dei frodige fjella sørvest i Saudi-Arabia, nær Asir nasjonalpark. På grunn av det milde klimaet i Abha er staden eit populært turistmål for saudiarabarane.

Kjappe fakta Land, Region ...
Remove ads

Historie og arkitektur

Abha var hovudstaden for prinsen av Asir, Ibn Ayde, under Det osmanske riket fram til fyrste verdskrigen.[2] I 1918 kom prinsen av Asir, Yahya bin Hasun Al Ayde som var barnebarnet til Ibn Ayed, attende til familietrona som vart erobra i Abha med fullt sjølvstende. I 1920 slo Asir seg saman med Ibn Saud under samlinga av Saudi-Arabia.

Det finst fleire historiske stader i regionen, som fort og festningar. Festningar på toppen av åsar er eit kjenneteiknfor Abha.[2] Sjølve byen er delt inn i fire kvarter der det største inneheld ein festning. Shadda-slottet, som blei bygd i 1927, er no eit museum som huser lokalt handverk og bruksgjenstandar.[3] Andre større bygningar i Abha er den store moskeen i byen,[3] Al-Tahy-restauranten[4] og Abha Palace Hotel.[3]

Remove ads

Samferdsle

Det går ein kystveg frå Jidda til Abha, som stod ferdig i i 1979.[2]

Abha regionale lufthamn (arabisk: مطار أبهـــا, IATA: AHB[3], ICAO: OEAB) er den største flyplassen ved Abha. Det går internasjonale ruter til Jemen (Sana'a), Egypt (Kairo), Doha (Qatar) og Emiratane (Dubai, Sharjah), i tillegg til andre stader i Saudi-Arabia.

Abha lufthamn vart teinkna av nederlendarar og bygginga byrja i 1975 og dei første flygingane byrja i 1977.

Remove ads

Geografi

Thumb
Abha

Abha ligg sør i regionen Asir i ei høgd på 2270 meter over havet. Abha ligg vest i Hijazfjella,[2] nær Jabal Sawda, som av somme vert hevda å vere det høgaste fjellet i Saudi-Arabia.

Klima

Klimaet i Abha er kjølig og halvtørt (Köppen: BSk)[5] og er påverka av høgda byen ligg i.[6] Veret i byen er generelt mildt året gjennom, men vert kjøligare om vinteren. Abha har sjeldan temperaturar over 35 °C. Byen får i snitt 278 mm nedbør i året, og det meste kjem mellom februar og april, med ei mindre regntid i juli og august.

Den høgaste temperaturen som er målt er 40 °C den 25. august 1983, medan den lågaste er -2 °C on 29. desember 1983.[7]

Meir informasjon Vêrdata for Abha i Saudi-Arabia, Jan ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads