Abildsø

From Wikipedia, the free encyclopedia

Abildsø
Remove ads

Abildsø er eit bustadsstrøk i det søraustlege Oslo, mellom Østensjøvannet og E6. Abildsø ligg i Bydel Østensjø, og tilhøyrde Bydel Manglerud før bydelreforma i 2003.

Thumb
Østensjøvannet med Abildsø i bakgrunnen.
Foto: Kjetil Ree

Abildsø ligg sør for Manglerud og Ryen, austom Lambertseter, nord for Langerud og vest for Østensjøvannet og Bøler.

Namnet er teke frå Abildsø gard som eksisterer framleis. Namnet kjem eigenleg frå gamalnorsk Apaldasin – «enga der det gror villeple».[1] Området vart busett av arbeidsfolk frå Oslo som bygde småhus på tomter som var utparsellerte frå gardane i området. Mange av husa vart oppførte som sjølvbygde frå ca 1900 og etter kvart forandra bustadstrøket karakter frå eit arbeidarstrøk til eit veletablert villaområde.

Hovudvegen gjennom Abildsø er Enebakkveien, langs denne ligg mellom anna Abildsø skule.

Frå Abildsø går busslinjene 70 (Rådhuset – Skullerud), 73 (Bjørndal – Jarnbanetorget), 78A,78B (Østensjø ring), 79 (Holmlia stasjon – Grorud).

Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads