Ryen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Ryen er eit strøk i Oslo. Strøket ligg til dels i bydel Østensjø og til dels i bydel Nordstrand.

Namnet

Thumb
Utsikta frå Ryen varde mot aust over Manglerud, 1961. I bakgrunnen Oppsal og Østmarka
Foto: Truls Teigen / Oslo Museum

Strøket er oppkalla etter gamle Ryen gard, som vart riven i 1983, og låg omtrent der Ryenhjemmet ligg i dag. Namnet Ryen er truleg avleitt av Rugvin (enga der ein dyrka rug).

Historie

Tidlegare var Ryen ein del av Oslohverfi (= Oslogrenda, mellomaldernamnet på distriktet ved Østensjøvannet), og Ryen gard kan vere så tidlig bygd som omkring år 500.[1]

Ein oldtidsveg gjekk opp dei bratte bakkane til Ryen gard. Vegen vart framkjøm for sledar etter at det på 1700-talet vart sprengt bort noko fjell i dalsøkket ved Ryenberget. Speidarar vart sende opp i Ryenberget i 1200, då bøndene på Austlandet reiste seg mot kong Sverre. Det høgaste punktet kalla løytnant Vibe "Ryen Borg" på kartet sitt i 1838, og tidlegare stod det ein varde i nærleiken. Det vert difor gått ut i frå at fjellet var eit viktig militært punkt for Oslo.[2] Toppen heiter framleis Ryen varde i dag.[3]

Eit av Oslos vegknutepunkt er Ryenkrysset. Like i nærleiken ligg t-banestasjonen Ryen stasjon. T-banen har dei austlege vognhallane sine på Ryen.

Remove ads

Sjå òg

  • Ryenlokket
  • Ryenberget skule

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads