Abilene i oldtida

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Abilene (Abilênê) eller Abila var ei slette og eit distrikt i Koilesyria i oldtida. Hovudbyen var Abila Lysaniou (Abilan de tên Lusaniou). Dei nøyaktige grensene til området er uklare, men det synest å ha omfatta austhellinga av Antilibanon-fjella og å ha omfatta område sør og søraust av Damaskus heilt fram til Galilea, Batanea og Trakonitis.[1][2] Ruinane etter hovudstaden Abila finn ein ved elva Barada, nær byen Souk Wadi Barada.[3]

Abilene er nemnt i Lukasevangeliet, der det er nytta til å tidfesta kva tid Johannes døyparen byrja å preika.[4] Ifølgje Flavius Josephus var Abilene eit eige itureisk kongedømme fram til år 37.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads