Abqaiq
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Abqaiq (arabisk بقيق, Biqayq) er eit inngjerda bustadområde og oljeterminal for Saudi Aramco i Austprovinsen i Saudi-Arabia, ørkenen 60 km sørvest for storbyområdet Dhahran-Dammam-Khobar, og nord for Rub' al-Khali, den nest største sandørkenen i verda, som òg vert kalla «Den tomme fjerdelen». Samfunnet vart bygd i 1940-åra av Aramco (no Saudi Aramco). Abqaiq hadde kring 1 500 innbyggjarar i 2012, men med folkesetnaden utafor Saudi Aramco-området er folketalet nærare 30 000.
Remove ads
Terrorisme og tryggleik
Abqaiq var åstad for eit forsøk på eit terroriståtak av al-Qaida den 24. februar 2006 med oljeterminalen som mål.[1] Meldinga pressa oljeprisane opp 2 dollar. Øydeleggingane vart haldne attende av Saudi Aramco, som påstod at dei hadde løysingar som gjorde at dei kunne fortsette å produsere olje ved nær maks kapasitet.[2]
Eit moderat til kraftig åtak på Abqaiq kan redusere produksjonen frå 6,8 mill. fat per dag til 1 mill. fat per dag. Hovudføremålet med Abqaiq er å fjerne hydrogensulfid frå råolja og redusere damptrykket, slik at det vert trygt å frakte råolja i tankskip. Abqaiq er det største anlegget i verda for denne prosessen. Eit anna åtak vart stoppa i 2015.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads