Abu Dhalouf

From Wikipedia, the free encyclopedia

Abu Dhalouf
Remove ads

Abu Dhalouf er ein busetnad på nordkysten av Qatar i kommunen Madinat ash Shamal.[1][2] Grensene vart fastsette i 1988 og han grensar til Al Shamal by i aust.[3]

Kjappe fakta Land, kommune ...
Remove ads

Historie

J.G. Lorimer skildrar Abu Dhalouf i Gazetteer of Gulf of Persia i 1908:

«

Ein landsby på nordvestkysten av Qatarhalvøya, nær tuppen og 2-3 km sørvest for Ar Ru'ays. Det er vanskeleg å nå staden frå sjøsida på grunn av eit breitt rev som er nesten tørrlagt ved fjøre sjø. Innbyggjarane består av kring 70 familiar frå Manan'ah-stamma (Al Mannai), som eig 20 perlebåtar [bemanna av 200 mann], fem andre havgåande fartøy og ti fiskebåtar. Drikkevatnet deira kjem frå brunnen Umm Dha'an, kring 2 km inn i landet. Her finst 30 kamelar.[4]

»

Lorimer skreiv òg at før 1856 var landsbyen busett av kring 50 mann frå Bu Kuwara-stamma (Kuwari).[5]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads