Abu Ghraib

From Wikipedia, the free encyclopedia

Abu Ghraib
Remove ads

Abu Ghraib (arabisk أبو غريب, Abū Ghurayb) er ein by i Bagdad guvernement i Irak, like vest for Bagdad, eller nordvest for Bagdad internasjonale flyplass. Byen hadde i 2003 189 000 innbyggjarar. Den gamle vegen til Jordan går gjennom Abu Ghraib.

Kjappe fakta Land, Guvernement ...

Abu Ghraib var kjend for Abu Ghraib babymjølkfabrikk, som vestlege etterretningsagentar meinte kunne vere eit produksjonsanlegg for biologiske våpen, mellom anna i opptakten til Irakkrigen.[1][2]

Byen var òg kjend for Abu Ghraib-fengselet, som var ein av stadane der politiske dissentar vart fengsla av den tidlegare herskaren Saddam Hussein. Tusenvis av dissentane vart tortuerte og avretta her. Etter Saddam Hussein fall, vart fengselet nytta av dei amerikanske styrkane i Irak. I 2003 vart det kjend at soldatar i den amerikanske hæren torturerte og misbrukte fangar i fengselet.[3][4]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads