Abu al-Duhur

From Wikipedia, the free encyclopedia

Abu al-Duhur
Remove ads

Abu al-Duhur (arabisk أبو الظهور; Abu al-Ẓuhur eller Abu al-Thuhur) er ein by nordvest i Syria i utkanten av Den syriske ørkenen og ein del av Idlib guvernement, som ligg 45 kilometer søraust for Aleppo. Av stader i nærleiken finn ein Tell Sultan og Tell Kalbah i nordvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Abu al-Thuhur eit folketal på 10 694 i 2004. Han er eit senter for ein nahiyah («underdistrikt») med 26 stader og eit samla folketal på 38 869 i 2004.[1]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...

Det ligg ein militær flyplass i Abu al-Thuhur.[2] Under den syriske borgarkrigen som starta i 2011, omleira opprørarar frå Den frie syriske armeen basen i september 2012. På grunn av dette kunne ikkje styresmaktene bruke flybasen.[3][4]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads