Abyan guvernement

From Wikipedia, the free encyclopedia

Abyan guvernement
Remove ads

Abyan (arabisk أبين, Abyan) er eit guvernement i Jemen. Abyan-området var tidlegare ein del av Fadhli sultanat.[2] Det var ein base for den militante gruppa Aden-Abyan islamske hær.[2] Det administrative senteret er byen Zinjibar. Guvernementet er kjend for jordbruket sitt, særleg for dyrkinga av daddelpalmar og dyrehald.

Kjappe fakta Land, Koordinatar ...

Den 31. mars 2011 rapporterte Al Bawaba at Al-Qaida på Den arabiske halvøya (AQAP) hadde erklært Abyan eit «islamsk emirat» etter å ha teke kontroll over regionen.[3] The New York Times rapporterte at dei som hadde teke kontrollen, i røynda ikkje var Al-Qaida, sjølv om dei var militante muslimar.[4] This takeover was confirmed on Mai 28.[5] Dei jemenittiske styresmaktene sette i verk tiltak for å gjenerobre regionen, og det resulterte i slaget ved Zinjibar.

I tillegg til Zinjibar, var byane Jaʿār og Shuqrah under islamistane sin kontroll.[6] Tidleg i mai 2012 byrja den jemenittiske hæren ein stor offensiv for å få kontroll over provinsen att. Dei statlege styrkane tok Zinjibar og Jaar den 12. juni etter ein månad med tunge kampar. Dei militante trekte seg attende mot byen Shuqrah.[7]

Remove ads

Distrikt

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads