Gråsisik
art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gråsisik (Acanthis flammea) er ein fugl i finkefamilien. Det er den einaste arten som er plassert i slekta Acanthis. Arten hekkar i Arktis og i nordlege tempererte område i den holarktiske tundraen og i taigasona.
Slektsnamnet Acanthis kjem frå gresk akanthis, eit namn på ein liten fugl som ikkje lèt seg identifisere i dag.[2] Artsnamnet flammea er latin og tyder «flammekledd» eller «flammefarga».[3]
Remove ads
Taksonomi
Tidlegare var gråsisik plassert i slekta Carduelis. Molekylærfylogenetiske studiar synte at arten danna ei eiga grein, og han vart difor flytta til den attoppliva slekta Acanthis, innført i 1797 av den tyske naturforskaren Moritz Balthasar Borkhausen.
Fram til ca. 2023 var gråsisik handsama som tre separate artar: vanleg gråsisik med underartene flammea og rostrata, brunsisik med cabaret og polarsisik med hornemanni og exilipes. Dei tre blir no rekna som éin art på grunn av små genetiske skilnader og kontinuerleg fenotypisk variasjon.[4] Følgeleg er fem underartar anerkjende per 2025:[5]
- A. f. flammea (Linnaeus, 1758) – Nord-Europa, Sibir, Alaska og Canada
- A. f. rostrata (Coues, 1861) – Nordaust-Canada, Grønland og Island
- A. f. cabaret (Müller, PLS, 1776) Tidlegare brunsisik i temperert vestleg og sentralvestleg palearktisk lågland (fjellskog i sør); Dei britiske øyane, sørvestlege Skandinavia austover til Nord-Tyskland og Sør-Polen; sør til søraustlege Frankrike, Austerrike og Tsjekkia.
- A. f. exilipes (Coues, 1862) - arktisk tundraskog av bjørk og vier i Nord-Eurasia, Nord-Alaska og Nordvest-Canada
- A. f. hornemanni (Holbøll, 1843) Tidlegare polarsisik, i arktisk tundraskog av bjørk og vier i det fjernaste nordaustlege Canada og Grønland. Overvintar i USA og på Dei britiske øyane
To av desse, C. f. flammea og C. f. cabaret, hekkar i Noreg.[6]
Remove ads
Skildring
Fuglen er liten, 13 cm og veg 12–16 gram. Han er gråleg eller brunleg, men er raud på hovudet og har ein svart hakelapp. Hannen har ofte raudleg bryst. Overgumpen er streka, og det går eit breitt mørkebrunt band over undergumpen. Arten har brune bein, gulaktig nebb med mørk spiss og mørkebrune iris.
Lætet er varierande, for nominatunderarten er songen skildra som en metallisk «tjett tjett tjett» blanda med surrande «serrrrr».[7][8]
Utbreiing og leveområde
Utbreiinga til gråsisik omfattar Nord-Europa og Asia austover til Nord-Amerika, Grønland og Island. Arten er delvis trekkfugl, med sørovertrekk om hausten og nordovertrekk i mars–april. Typiske habitat er boreal skog av furu, gran og lerk. Han et hovudsakleg frø, særleg av bjørk og or om vinteren.

Mange gråsisikar overvintrar i Noreg. Om vinteren dukkar han gjerne opp på foringsplassen. Ein del er trekkfuglar som reiser i oktober-november.
Underarten A. f. cabaret vart innført til New Zealand mellom 1862 og 1875 og finst no på både Nordøya og Sørøya og fleire mindre øyar.
Åtferd
Gråsisik hekkar gjerne i bjørkebeltet. Reiret vert ofte bygd i bjørk, men fuglen brukar òg andre tresortar. Han kan dessutan leggja reiret rett på bakken.
I fjelltrakter skjer egglegginga vanlegvis i juni, men tidspunktet varierer.
Gråsisik hekkar første gongen når han er eitt år gammal. Hoa byggjer reiret, ofte lågt i eit tre eller ein busk, medan hannen held seg i nærleiken. Reiret har eit ytre lag av tynne kvistar, eit mellomlag av rotfibrar, einerbork og lav, og eit indre lag av dun, ull og hår. Hoa legg tre til sju spraglete egg. Egga er 16,9 × 12,6 mm og veg om lag 1,4 gram. Dei vert rugde av hoa og klekkjer etter rundt 11 dagar. Ungane vert fôra av begge foreldra, men berre hoa varmar dei. Ungane forlet reiret når dei er rundt 13 dagar gamle. Det er vanlegvis to kull i året.
Gråsisik lever av frø, gjerne frå bjørk (Betula). I hekketida kan dei supplere med virvellause dyr.
Remove ads
Status
Den globale populasjonen er stor, ligg mellom 60,5 og 145 millionar modne individ, men er trudd å vere minkande.[9] Begge dei norske underartane hekkar i lause koloniar. Populasjonen i Skandinavia gjekk sterkt attende i perioden 2002 til 2012. Forskarane meinte at nedgangen kan vere relatert til klimaendringar.[10]
Galleri
- A. f. hornemanni
- A. f. flammea i Alaska
- A. f. flammea, Quebec, Canada
- A. f. cabaret, Northumberland, England
- Gråsisik i Larvik i februar.Foto: Arnstein Rønning
- Egg frå Carduelis flammea flammea
- Egg frå Carduelis flammea cabaret
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
