Accra
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Accra er hovudstaden i Ghana. Byen hadde 2 291 352 innbyggjarar i 2012, og er den største byen i landet.
Byen voks fram rundt britiske og nederlandske fort på 1600-talet. I 1877 erstatta han Cape Coast som hovudstad for den britiske kolonien Gullkysten. Etter at det hadde vorte bygd jarnbane inn i landet frå Accra, vart byen det økonomiske sentret i kolonien, og han er framleis finanssentrum i Ghana.
Ein finn òg spor etter dansk-norske slavehandlarar i byen, sidan fortet Christiansborg slott er bevart. I byen ligg òg National Museum of Ghana og Central Library of Ghana. University of Ghana ligg i Legon, kring 13 km nord for Accra.
Forsvarskommisjonen til Organization of African Unity har hovudkvarteret sitt i Accra.
Den viktigaste flyplassen er Kotoka International Airport.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads